Arrangement av Avgarde og Det Vestnorske Teateret
Offentlig · Alle på eller utenfor Facebook
Avgarde og Det Vestnorske Teateret har gleda av å ynskje velkommen til ei spesiell og vakker konsertoppleving!
På programmet denne kvelden står musikk av komponistane Marcus Davidson, Eilert Tøsse og Marianne Reidarsdatter Eriksen. Alle verka er skrive spesielt til duoen. Vi får oppleve forførande rytmer, knoppskyting og vestavind. I tillegg får vi urframføring av det rykande ferske stykket Mirage av Marcus Davidson, skrive for fløyte, gitar og live elektronikk! Komponisten er sjølv med på framføringa.
Dørene opnar kl 17:30.
OM DUOEN
Bøen/Fiskaaen Duo består av Knut Magnus Bøen (fløyte) og Hallgeir Fiskaaen (gitar). Duoen har spelt saman sidan 2009, og er med det ein av dei mest røynde fløyte gitar-duoane i Noreg. Sidan starten har dei gjort eit hundretalls konsertar, og spelt alt frå det klassiske kjernerepertoaret for besetninga til musikk frå Latin-Amerika og Balkan.
Dei siste åra har dei jobba mykje med samtidsmusikk, og med å skape eit nytt fløyte gitar-duo repertoar.
PROGRAM
Four Balkan dances (M. Davidson)
Ville vekster (E Tøsse)
Tre selvstendige stykker for fløyte og gitar (M.R. Eriksen)
Mirage (urframføring) (M. Davidson)
Vi prøver ut «betal det du kan»-ordning Følg billettlink for meir info.
Konserten er på Scene 2, ein ny og flott sal for framsyningar og konsertar på Det Vestnorske Teateret.
Velkomne!